Sjølvsagt skal det vere berekraftig.
Å etablera dei nye grøne industriane tett på der me har kraftproduksjonen vår, er berekraftig i seg sjølv. Me sparar naturen for linjebygging og vi reduserer nettapet monaleg. Og kompetansen har me; kortreist!
Regjeringa sitt grøne industriløft er eit ambisiøst initiativ med må å omstilla norsk økonomi til ein bærekraftig og lågutsleppsmodell. Me må nytta naturressursane våre, den industrielle kompetansen vår og teknologiske innovasjoner for å skapa grønne verdikjeder med eksportpotensial.
Fokus er mellom anna hydrogen, batteriproduksjon, CO₂-handtering, maritim industri, og bioøkonomi. Den inkluderer og tiltak for å fremja berekraftige datasentre gjennom redusert arealbruk og energiforbruk, bruk av fornybar energi i, samt utvikling av teknologi for å nytte overskotsvarme.
Målet er å redusera klimagassutslipp, auke eksporten og skapa attraktive arbeidsplassar over heile landet.
Sognekraftkonsernet jobbar strukturert med berekraft og berekraft skal gjennomsyre heile organisasjonen. Frå 2025 er vi og rapporteringspliktige etter CRSD-regelverket. Les meir om arbeidet her.
Sogn Sirkulære Biohub
I lag med ei rekke næringsaktørar i Sogn, har me teke initiativ til Sogn Sirkulære Biohub. Den er del av Vestland Fylkeskommune sitt prosjekt Grønn Region Vestland, som er sett opp for å støtta, oppmuntra og hjelpa industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga.
Målet er å bidra til utvikling av sirkulære verdikjeder og industriell symbiose.
Green Hydra – Betre vilkår for SMB-ar i hydrogenøkonomien
Sogn Utvikling tek del i Green Hydra, eit internasjonalt prosjekt som skal styrke rammevilkåra for små og mellomstore bedrifter (SMB-ar) i hydrogenøkonomien. Målet er å fremje forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å skape nye forretningsmoglegheiter i denne sektoren.
Sogndal kommune adresserer kommuneplanen som politikkinstrument i prosjektet. Kommunen ønsker å forbetre regulatoriske rammevilkår, og fremja forskning, innovasjon og teknologi hjå SMB-ar i næringa. Kommunen sitt regionale nettverk består av Sogn Utvikling, Luster kommune, Vik kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring. Det er og ei målsetjing å etablere ei utvida lokal interessentgruppe.
Green Hydra samlar aktørar frå elleve europeiske land for å dele erfaringar og leggje til rette for berekraftig vekst i hydrogenøkonomien.
Norsk prosjekteigar: Sogndal kommune
Prosjektperiode: 01.04.2024 - 31.03.2028
Budsjett: Norsk bidrag: 2 920 178 NOK - Total: 2 352 687 Euro €