Om oss
Ei satsing i Vik, Luster og Sogndal
Sognekraft og dei tre kommunane samlar kreftene i satsing mot grøn industri gjennom Sogn Utvikling.
Indre Sogn har kraftoverskot. Utbygging av det overliggjande nettet sender framtidas kraftproduksjon ut av regionen. I krafta ligg stort potensiale for verdiskaping og lokalsamfunnsutvikling.
Det ligg også stor samfunnsnytte i å få ned nettap og redusere investeringar i nett gjennom å nytte krafta der den vert produsert. Det er no eit tidsvindu for å få allokert og tildelt kraft til å utvikle dei nye grøne industriarbeidsplassane.
Viktige geografiske føresetnadar
Sogn har viktige geografiske føresetnadar, fjorden, riksvegar og flyplass for effektiv transport. Areal er tilgjengeleg både ved robuste punkt i kraftnettet og ved transporthubane. Lokalsamfunna er livskraftige og i vekst, lokalbefolkninga er godt utdanna og det er lange tradisjonar for industri og kraftproduksjon.
Sygnir har eit godt utvikla distribusjonsnett for kraft og vil vera ein viktig medspelar for få krafta fram. Sognenett sitt fibernett er moderne og gjev Sogn dekningsgrad og kapasitet i verdsklasse. Sognekraft er det største lokaleigde selskapet i regionen, med økonomisk kapasitet til å løfta større industrielle satsingar.
Regionen har høgskule, forskingssenter og fire vidaregåande skular. Eit komplett verkemiddelapparat for næringsutvikling er samlokalisert på Campus i Sogndal, og er godt samordna og smidig.
Kommunane er aktive partnarar med næringslivet og er tydeleg forplikta gjennom avtalar til å arbeide kontinuerleg med å forankra selskapet sine satsingar i relevante fora og sikre at selskapet er tett på prosessar og interessentar lokalt.
Sogn tek på seg leiartrøya
Vik kommune
Vik har innpå 1 TWh kraftproduksjon. Kommunen er prega av lange industritradisjonar og eit mangfaldig næringsliv, og legg aktivt til rette for vidare vekst.
Luster kommune
3,2 TWh vasskraftproduksjon legg godt til rette for utvikling av ny industri i Luster. Kommunen er utviklingsorientert, har høgt kompetent arbeidskraft og ligg nær regionsenteret.
Sogndal kommune
Regionsenteret har nær 1 TWh fornybar produksjon, høgskule, forskningsinstitutt, og stor tilflytting av høgt kompetent arbeidskraft. Næringslivet er robust og mangfaldig.
Eigarar og styre
Sogn Utvikling er eigd 62,5 % av Sognekraft AS og 12,5 % av kvar av kommunane Vik, Luster og Sogndal.
Styreleiar er Terje Bakke Nævdal (konsernsjef) og nestleiar er Berit Larsen (visekonsernsjef).
Styremedlem er Arnt Sollie (Senior Vice President og Head of Insight i Volue).
Bjørn Ole Ellertsen er dagleg leiar for Sogn Utvikling.