Personvernerklæring

1. Om Sogn Utvikling

Eigar av denne nettsida er: Sogn Utvikling AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal. 
Epost: post@sognutvikling.no
Telefon: 975 87 931


2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse,epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
 

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar med namn, epost og telefonnr. I tillegg lagrar vi opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel om sletting under. 
 

5. Informasjonskapslar

Nettsida sognutvikling.no nyttar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår og for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Velg du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.


6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.


7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
 

8. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
 

9. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Sogn Utvikling AS på e-post: post@sognutvikling.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  


10. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Sogn Utvikling AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@sognutvikling.no.