Kva gjer me?

Tilrettelegg

Me legg til rette for utvikling av ny grøn industri basert på kraftressursane i Sogn.

  • Sikra og modne areal for etablering av grøn industri og tilhøyrande sirkulære verdikjeder.

    • Gjennom kartlegging av areal og sterke punkt i kraftnettet skal me identifisera og erverva areal til satsingane våre. Me skal modna areala gjennom utgreiingsaktivitet og regulering og sikra tilgang på kraft og andre kritiske ressursar. Me skal skaffa dei naudsynte løyvene og konsesjonane og leggja fysisk til rette for verdiskapande aktivitet. Det er avgjerande for å lukkast at plussressursane vert nytta i ny produksjon.

    Sikre kommersiell posisjon for Sognekraft

    • Sogn Utvikling skal sikra kommersiell posisjon for Sognekraft i alle prosjekt. Modning av areal er den viktigaste aktiviteten i den første fasen. Vidare sikrar me posisjonen me gjennom kontinuerleg verdiaukande aktivitetar, gjennom å etablera utviklingsselskap og ta investeringsavggjerder åleine eller i partnerskap med industrielle og finansielle aktørar. Organisasjonen Sogn Utvikling skal utviklast til å kunne ta ein strategisk posisjon i regional grøn næringsutvikling og ein skal kome i posisjon til støtteordningar for næringsutvikling.

    Bidra til lokalsamfunnsutvikling

    • Det skal jobbast aktivt for å skapa nye arbeidsplassar i Sogn basert på kompetansen me allereie har i regionen. Kompetansen må kontinuerleg vidareutviklast i tråd med nye behov, og satsingane Sogn Utvikling bidreg til å etablere må ha aksept i lokalsamfunna våre.

Finn vinnarane

Me identifiserer og utviklar forretnings-område der Sogn har særlege strategiske og strukturelle føresetnadar for å lukkast.

    • Det grøne skiftet kjem med ei lang rekke moglegheiter. Nokre knytt til skalering av eksisterande teknologi, andre knytt til innovasjon og nyskaping av nye produkt, tenester og verdikjeder.

    • Vårt oppdrag er å identifisera kva forretningsområde som høver og tener Sogn sine mål best og finne aktørane som er best i stand til å realisera desse måla i lag med oss.

Har areala klare

Utviklar og forvaltar viktige lokalitetar med potensiale for etablering av kraftkrevjande verksemd.

  • Tilgjengeleg areal med dei rette eigenskapene er ein føresetnad for kraftkrevjande industri. Me skal:

    • Kartleggja areal for framtidig industri og spela inn til kommunane sine planprosessar.

    • Sikra tilgang og eigarskap til areal og modne desse for etablering.

    • Sikra at dei rette aktørane vil realisera ny aktivitet.