120 MW
Hyperscale datasenter i Gaupne
Gaupnegrandane ligg sentralt i Gaupne i Luster kommune, ved fjorden, og er eit tilrettelagt utviklingsområde for datasenter. Området har opparbeidd og regulert industritomt, med mogleg kapasitet på opptil 120 MW og eit samla areal på meir enn 55 mål.
Prosjektet er i ein vidarekomen fase, med gjennomført teknisk forprosjekt og pågåande detaljplan. Det er søkt om nettilknyting, med nærleik til tilknytingspunkt i Fondøla og tilgjengeleg kraft.
Tilgang til både elv og sjø gir gode føresetnader for effektive kjøleløysingar og legg til rette for stabil og energieffektiv drift.
Les meir om prosjektet som nyleg vart presentert offentleg her.