Hyperscale datasenter i Gaupne?

Terje Bakke Nævdal, konsernsjef i Sognekraft.

Konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal presenterte nyleg førebelse planar om mogleg etablering av eit hyperscale datasenter i Gaupne, under eit arrangement på Pyramiden.

Planane tek utgangspunkt i eit område på om lag 55 mål på Gaupnegrandane, der det over tid har vore arbeidd med å leggja til rette for ny næringsutvikling.

Bakgrunnen for at prosjektet no blir løfta fram, er mellom anna positive signal frå Statnett om mogleg nettilknyting. Det gjer det mogleg å arbeida vidare med konseptet, parallelt med nødvendige avklaringar og løyve. Samstundes er det dialog med fleire aktørar som potensielt kan ta senteret i bruk.

Det var mange oppmøtte på frukostmøtet i Gaupne i starten av mars, der Terje kunne fortelja meir om dei moglege datasenter-planane.

Sognekraft har fått reservert nettkapasitet på 120 MW, og datasenteret er planlagt å levera prosessorkraft til digitale tenester, mellom anna innan kunstig intelligens.

Lokalavisa Sogn Avis har omtalt saka.

Dersom prosjektet blir realisert, kan investeringane samla sett koma opp i fleire titals milliardar kroner. Ei etablering kan skapa eit betydeleg tal nye arbeidsplassar og bidra til framtidig verdiskaping og næringsutvikling i regionen, i tillegg til aktivitet og ringverknader i anleggsperioden.

Initiativet må sjåast i samanheng med kraftsituasjonen i Sogn. I Sygnir sitt driftsområde vert det produsert over 20 gonger meir kraft enn det som blir brukt, og ein stor del av denne krafta blir i dag transportert ut av regionen. Eit sentralt spørsmål er i kva grad ein kan nytta meir av ressursane til lokal verdiskaping.

Eit datasenter vil i praksis kunna foredla krafta til ei vare det er aukande etterspurnad etter i ein stadig meir digitalisert kvardag.

Ambisjonen er å leggja til rette for ny grøn industri og lokal verdiskaping for framtidas Sogn. Dette var òg eit viktig utgangspunkt for etableringa av Sogn Utvikling, der kommunane Sogndal, Luster og Vik står bak.

Eit datasenter med ei nettilknyting på 120 MW vil kunna vera eit viktig bidrag i denne samanhengen. Ei slik etablering vil kunna halda meir av krafta i regionen og skapa store verdiar lokalt, i staden for at verdiane vert skapte andre stader når krafta i dag vert sendt ut. Samstundes kan det bidra til lågare nettleigekostnader. Det er viktig å påpeika at prosjektet framleis er i ein tidleg fase, og at fleire avklaringar må på plass før ein kan dela meir, og før ein veit om det vert realisert.

OBS: Det er også avsett areal på Vangsnes og ein jobbar også der med å sjå på moglegheitene for eit datasenter. Dette prosjektet har førebels ikkje kommen like langt i prosessen, men samla sett vert begge prosjekt sett på som potensielt attraktive for eventuelle industrielle aktørar.