Bjørn Ole Ellertsen, dagleg leiar i Sogn Utvikling.
Luster kommune inviterte måndag kveld til folkemøte om reguleringsplanen for Gaupnegrandane og planane om eit mogleg datasenter i området.
Folkemøtet vart arrangert som ein del av reguleringsplanarbeidet, der planar og status kring prosjektet vart presenterte og publikum fekk høve til å stille spørsmål og kome med innspel til den vidare prosessen.
- Me er godt nøgde både med oppmøtet og alle innspela som kom i løpet av kvelden. Det var dette me hadde håpa på i forkant av møtet, og det gir oss eit godt utgangspunkt for vegen vidare, seier dagleg leiar i Sogn Utvikling Bjørn Ole Ellertsen.
Luster kommune ved ordførar Andreas Wiese orienterte om bakgrunnen for etableringa av Sogn Utvikling, datasenterplanane og reguleringsplanarbeidet. Deretter presenterte Sognekraft, Sogn Utvikling og Norconsult status og faglege vurderingar knytte til prosjektet. I tillegg delte Lefdal Mine Datacenter erfaringar frå utvikling og drift av eit fjordkjølt datasenter på Nordfjordeid.
Ordførar i Luster Kommune Andreas Wiese tok ordet først - og leia programmet for kvelden.
Fleire sentrale tema
Gjennom presentasjonane vart fleire av temaa som har vorte løfta fram i debatten om Gaupnegrandane gjennomgått av fagmiljøa som arbeider med prosjektet.
Tradisjonelt er det to måtar å kjøla datasenter på. Anlegg som kjøler seg ned ved hjelp av luft, som er den klart mest vanlege løysinga internasjonalt, har store ventilasjonsanlegg og kjølemaskiner. Det er i hovudsak desse anlegga som har skapt mange av historiene om støy frå datasenter.
For Gaupnegrandane er ikkje denne løysinga aktuell. Sognekraft og Sogn Utvikling arbeider vidare med fjordkjøling, nettopp fordi denne løysinga eliminerer behovet for store og støyande luftkjøleanlegg. Målet er eit støynivå på linje med det ein finn i ordinære næringsbygg.
Stian Tandberg frå Norconsult presenterte faglege utgreiingar kring prosjektet.
Norconsult har jobba som ekstern ressurs med nettopp dette og hadde ein grundig gjennomgang av tala som byggjer opp under vurderingane som er gjorde. Dei presiserer at det er svært strenge reguleringsføresegner knytt til støy. Grensa for døgnekvivalent støynivå er 35 dB for kontinuerlege støykjelder, noko som er om lag 8 dB strengare enn T-1442 og strengare enn det som er vanleg for industriområde.
Med lokale eigarar og pådrivarar er lokal verdiskaping og varig verdiskaping er heilt sentralt i dette prosjektet – og vil vera ei forutsetting i det vidare arbeidet. Førebelse estimat som vart presenterte på møtet peikar mot om lag 180 arbeidsplassar i driftsfasen dersom eit datasenter skulle bli realisert. I tillegg vart det peika på mogelege ringverknader for leverandørar, entreprenørar og fagmiljø i regionen – både under byggjefase og driftsfase.
Når ein kjøler med kaldt sjøvatn kjem dette ut att som noko varmare vatn. Ein del av dette går tilbake til fjorden.
Sognekraft har allereie erfaring med fjordkjøling frå anlegget ved sjøkanten i Sogndal. Mykje av spillvarmen kan nyttast lokalt og tilføre energi og varme til ulike bygg og anlegg i området. Samtidig er det naturleg at folk spør kva påverknad dette kan ha på livet i fjorden. Norconsult har gjort omfattande vurderingar av dette, og konklusjonen deira er at påverknaden på fjordmiljøet vil vera avgrensa.
Lustringane møtte opp i hopetal, og engasjementet var stort - slik det skal vera på eit folkemøte!
Spørsmål? Ta kontakt
Med det var første folkemøte rundt Gaupne datapark historie. Det var ein nøgd Ellertsen som synst mange gode poeng, innspel og bekymringar fekk kome fram i lyset under møtet. For han markerer dette starten på ein viktig og vedvarande dialog med lokalsamfunnet:
– Me skal gjera så godt me kan for å på best mogleg vera opne om prosessen, dela informasjon og svara på spørsmål undervegs. Folkemøtet var ein viktig del av dette arbeidet- og markerer for alvor oppstarten av ein dialog og eit samspel mellom aktørar, kommune og lokalsamfunn som står heilt sentralt i dette prosjektet, seier han.
Har du nokre spørsmål eller innspel?
Ta kontakt med Bjørn Ole på post@sognutvikling.no