Ein regional og framtidsretta utviklingsaktør

Me skal utvikla framtidas grøne industri og arbeidsplassar med legitimitet i lokalsamfunnet basert på dei lokale kraftressursane.   

Framtida er grøn, og Sogn Utvikling skal vera Sogn sitt bidrag i det grøne skiftet. Her har me verdas reinaste fornybare energi, eit robust lokaleigd distribusjonsnett, tilrettelagde areal, høgt kompetent arbeidskraft og levande bygder og lokalsamfunn.

Dette er ein stor dag for Sognekraft. Eg håpar og trur det er det for regionen også. Det er eigarane som har sett dette i gang, og me i styret har vore heilt samstemte. Sognekraft er no på veg inn i ein ny fase.
— Styreleiar i Sognekraft AS, Geir Arve Sandvik, i samband med at kommunane Luster, Vik og Sogndal  offisielt gjekk saman med Sognekraft om satsinga på Sogn Utvikling, 17.02.23.
Sognekraft er og skal vera ein motor i Sogn. Den motoren vert endå sterkare med dette. Me må saman ta ansvar for å utvikla regionen i det grøne skiftet, ved å utnytta kraftressursane me har tilgjengeleg.
— Regionrådsleiar og ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim.

Startskotmøte for Sogn Utvikling, 17.02.2023

Me skal finna vinnarane 

- Det er fantastisk å få jobba med dei tre kommunane og å ha det største lokaleigde aksjeselskapet i regionen i ryggen. Me har dei fleste bitane til puslespelet på plass i Sogn, no handlar det om å setja dei saman på ein måte som bidreg til lokal verdiskaping og arbeidsplassar, seier dagleg leiar Torgeir Skålid.

Selskapet skal: 

·       Finne vinnarane: Identifisera, vurdera og kvalifisera aktørar og næringar som er rett for Sogn. Byggja kompetanse rundt næringane ein vil satsa på.  

·       Ha areala klare: Spela inn behov til kommunane sine planarbeid, regulere, utvikle og leggja til rette for ønska aktivitet. 

·       Legitimere: Byggja organisasjon som kontinuerleg er i dialog med interessentane, kommunar og lokalsamfunn for å sikra at satsingar har naudsynt legitimitet. Fokus på positiv samfunnsutvikling.  

Sogn Utvikling er eigd 62,5% av Sognekraft AS og 12,5% av kvar av kommunane Vik, Luster og Sogndal. Styreleiar er konsernsjef Terje Bakke Nævdal og nestleiar er visekonsernsjef Berit Larsen. Styremedlemmar er Arnt Solli (Senior Vice President and Head of Insight i Volue), Anne Karin Hamre (direktør Vestlandsforsking) og Jan Sølve Haugen (ingeniør i Norconsult).  

Har du innspel eller ein idè knytt til ny grøn industri i Sogn? Ta gjerne kontakt med oss på e-post post@sognutvikling.no.

Forrige
Forrige

Hydrogen som energiberar: Eit stort potensial for grøn omstilling i Sogn

Neste
Neste

Offisielt startskot for Sogn Utvikling