Hydrogen som energiberar: Eit stort potensial for grøn omstilling i Sogn
17. september reiste den norske delegasjonen i interreg europe Green Hydra, til Ravenna, for den første internasjonale samlinga i prosjektet.
Grønn Hydrogen er venta å spele ei nøkkelrolle i Europas innsats for å redusera klimagassutslepp med 55 % innan 2030 og oppnå netto nullutslepp innan 2050. Som ein rein og fornybar energiberar har hydrogen potensial til å transformere energisektoren og bidra til ei meir berekraftig framtid, både globalt og i vår eigen region.
Sogn Utvikling deltek i det internasjonale prosjektet Green Hydra, som har som mål å forbetra politikken for å engasjera små og mellomstore bedrifter i den grøne hydrogenøkonomien. Nyleg reiste ei delegasjon frå Noreg, og Sogn, til Ravenna i Italia for å læra meir om korleis andre europeiske regionar jobbar med hydrogen som energiberar.
– Det er spennande å møte og jobbe med regionar i Europa som har fokus på nye energiberarar. I prosjektet møter me alt frå industriaktørar til organisasjonar og myndigheiter og får sjå korleis dei angrip den grøne omstillinga, seier Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Utvikling.
Under samlinga vart det arrangert ein workshop med fokus på å forstå hydrogen sin verdikjede og korleis ein kan sikre at politiske verkemiddel støttar integreringa av hydrogen i industrien. Ekspertar frå Hanze University og Emilia-Romagna-regionen delte innsikt i korleis små og mellomstore bedrifter kan dra nytte av den veksande hydrogenøkonomien.
Trass i at samlinga vart avbroten grunna ein uventa flaum i Nord-Italia, har prosjektet lagt eit viktig grunnlag for vidare samarbeid og kunnskapsdeling. Erfaringane frå Ravenna vil bidra til å styrke arbeidet med hydrogen i Sogn.
– Kommunane Vik, Luster og Sogndal ønskjer å nytte regionalplanen som sitt politikkinstrument i prosjektet. For Sogn Utvikling er forankring i planverket av potensialet me har rundt den nye grøne industrien avgjerande, held Skålid fram.
Neste steg: Workshop om hydrogenets potensial i Sogn
Neste lokale aktivitet vert 21. november. Då inviterer Sogn Biohub til ein lokal workshop for å utforska potensialet for å bruka hydrogen som energiberar i vår region. Gjennom ei arbeidsøkt skal ein avdekka moglegheiter og barrierar knytt til hydrogenverdikjeda i Sogn.
Sogn Biohub er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt støtta av Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune. Prosjektet arbeider for å fremje berekraftig utvikling og grøn vekst i regionen.
Har du innspel eller ein idè knytt til ny grøn industri i Sogn? Ta gjerne kontakt med oss på e-post torgeir@sognutvikling.no eller telefon 975 87 931.